Prosjekt-kick-off

Sjå føre deg at dagen din startar med ein kopp kaffi og nyaste eksemplar av Adresseavisa, medan din nye, sjølvkøyrande bil trygt fraktar deg fram til arbeidsplassen din. Framtidsscenario som dette blir stadig presentert gjennom media; visjonar om ei automatisert framtid der ein ikkje lengre treng å køyre bilen sjølv, men heller kan bruke transporttida til å lese dagens avis, legge inn ein halvtimes førebuing før ein viktig presentasjon, eller kanskje ta seg ein liten lur. Akkurat denne framtidsvisjonen høyrer nok ikkje til nær framtid. Likevel fins det utvilsamt forhåpningar om at framtidas transport skal vere automatisert, og det var med desse forhåpningane i bakhovudet me inviterte partnarane i DRIVERS til prosjekt-kick-off i Trondheim.

I løpet av torsdag fekk me sjå presentasjonar frå Statens Vegvesen, Norges Automobil-Forbund (NAF), Norges Lastebileier-Forbund (NLF), SINTEF, Kolombus og Nord universitet. Desse presentasjonane ga oss innsikt i partnarane sine verksemder, samstundes som me fekk eit inntrykk av kva moglegheiter og utfordringar partnarane ser i automatisering og digitalisering av transportsektoren. Me fekk òg eit inntrykk av mengda teknologiar som fins; avhengig av om ein ser på varetransport, privatbilisme, eller kollektivtransport så blir ulike teknologiar tekne i bruk, teknologiar med ulik grad av automatisering. Gjennom partnarane sine erfaringar og kunnskapar fekk me sjå korleis tematikken ser ut frå ulike perspektiv, og korleis dei forskjellige teknologiane ber med seg sine spesifikke moglegheiter og utfordringar. I tillegg til å presentere seg sjølve deltok også partnarane i diskusjonar kring kva påverknadar, både tilsikta og utilsikta, desse teknologiane kan ha på eit samfunn.

Eit konkret døme på ein slik diskusjon tok utgangspunkt i eit prøveprosjekt Statens Vegvesen gjennomfører i Skibotndalen i Troms, kor dei mellom anna testar teknologi for platooning av vogntog. Ved platooning koplar ein saman fleire vogntog med hjelp av datateknologi og lar det fremste vogntoget regulere hastigheit og styring for alle dei seriekopla vogntoga, noko som skal gje gevinst både i form av mindre CO2-utslepp og lågare driftskostnadar. Samstundes opnar bruken av slik teknologi for ei rekkje spørsmål. Korleis vil lastebilsjåførane ta imot ein slik teknologi, som på sikt kan redusere behovet for deira yrkesgruppe? Kjenner lokalbefolkninga seg trygge når dei i framtida kan måtte dele vegen med kolonnar med automatiserte vogntog? Kva slags følgjer kan denne teknologien få for den lokale økonomien? Nye teknologiar kan vise seg å ha påverknad langt utover den problemstillinga dei blir presentert som ei løysing på.

Spørsmålet om konsekvensar kan ein også stille på eit meir generelt vis: Kven sine bekymringar bør ein ta på alvor, og kven eller kva er viktig å ta omsyn til i utforming og innføring av (eksisterande eller framtidige) automatiserings- og digitaliseringsteknologiar? Partnarane sine innspel ga oss eit solid kunnskapsgrunnlag for å undersøke dette spørsmålet nærmare, samstundes som dei bringa nye spørsmål fram i lyset. Vil tilgang på autopilot føre til færre ulukker? Eller vil sjåføren vere mindre merksam på andre trafikantar, mjuke som harde, og dermed ha redusert evne til å gripe inn i ein situasjon autopiloten ikkje kan handtere? Vil automatisert kollektivtransport opplevast som mindre trygg enn kollektivtransport med menneskeleg sjåfør? Kva konsekvensar har automatiserte vogntog for dyrelivet i Nord-Norge? Spørsmål som desse inngår i ein større heilskap, og er naudsynte for å verkeleg kunne forstå korleis automatisering og digitalisering ser ut og opplevast i dag, korleis det kan kome til å sjå ut i morgon, og kva følgjer både dagens og morgondagens automatiserings- og digitaliseringsteknologi vil kunne få for både menneske og samfunn. Det er dette me er interessert i å undersøkje gjennom DRIVERS-prosjektet, eit prosjekt som med dette offisielt har gått av stabelen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s