Utfordringar knytt til C-ITS: Inntrykk frå ITS Arena

Onsdag 3. april heldt Statens Vegvesen i samarbeid med ITS Norge konferansen ITS Arena, kor temaet var samverkande intelligente transportsystem (Cooperative Intelligent Transport Systems, heretter C-ITS). Dette er kort fortalt system kor ei kontinuerleg utveksling av informasjon mellom trafikantar, køyretøy og infrastrukturar er meint å skulle bidra til «å forbedre mobilitet, sikkerhet, frekommelighet og brukertilfredshet» i transportsektoren. Vegvesenet meiner at god implementering av C-ITS vil kunne bidra til hovudmålsetjingane i Nasjonal transportplan: eit transportsystem som er universelt utforma, som er sikrare og meir effektivt enn dagens system, og som følgjer opp klima- og miljøomsyn. Likevel opna Anders G. Holt ved Vegvesenets transportteknologiseksjon dagen med å seie at der ein tidlegare har fokusert på moglegheiter knytt til C-ITS, så ville dagens konferanse fokusere like mykje på utfordringar. Dei følgjande er nokre av utfordringane som vart trekt fram.

Personvern og databehandling

Ei openbar utfordring i C-ITS er databehandling. I eit system som i stor grad baserer seg på datautveksling i sanntid ligg det personvernutfordringar. Denne problemstillinga vart spesielt aktuell i forbindelse med fjorårets innføring av EUs personvernforordning, ofte omtala som GDPR. Innanfor GDPR er personopplysingar breitt definert og inkluderer m.a. lokasjonsdata, slik at datainnsamling innanfor C-ITS raskt blir omfatta av GDPR. Samstundes er ein forplikta til å arbeide etter prinsippa om formålsavgrensing og dataminimering, som høvesvis seier data berre skal nyttast til det spesifikke formålet dei er samla inn til og at ein berre skal samle inn akkurat nok data til å oppfylle eit spesifikt, førehandsefinert formål. Med andre ord set arbeid med C-ITS under GDPR høge krav til korrekt databehandling og -merking.

Sikre, samhandlande system

Vidare har ein spørsmål om sikkerheit, nyleg aktualisert gjennom eit dataangrep som kosta Hydro opp mot 350 millionar kroner. Denne typa angrep kjem utanfrå systemet, men også internt i eit system kan ein støyte på utfordringar. Kompabilitet er ein av dei. Fyrst i år oppdaterte Vegvesenet systema sine til Windows 10, grunna uro kring bakoverkompabilitet – vil alle system som fungerer no fortsatt fungere etter ei oppdatering av operativsystemet? Etter kvart som operativsystem oppdaterast kan manglande bakoverkompabilitet medføre problem, med komponentar som ikkje lengre kan snakke saman. I botn er C-ITS eit sett med mange teknologiar som skal samarbeide, dermed er spørsmålet om kompabilitet viktig – ein må vite kva teknologiar som kan snakke saman og ikkje, og vite kva som eventuelt må bytast ut når ein oppdaterer (til dømes) operativsystem.

Kompabilitet og sikkerheit er med på avgjere kor sårbart eit system er, anten det er mot eksterne trusselaktørar eller tekniske problem. Å etablere eit system som er 100% feilfritt er sjølvsagt idealet, men sjeldan noko ein får til i praksis. Med dette som utgangspunkt presenterte Anders Hovdum, Vegvesenets fagdirektør for samfunnssikkerhet, ei anna vinkling: i tillegg til å spørje kor sikkert og motstandsdyktig eit system er, så må ein også spørje kva følgjer og kostnadar som er assosiert med eventuell nedetid, og kor det kan vere naudsynt å etablere naudsystem. At systemet ikkje fungerer treng i seg sjølv ikkje vere eit problem; eventuelle problem oppstår når ein ikkje lengre har tilgang på eit system ein er vant til.

Der by møter land (og land møter andre land)

Vegvesenets delar pilotprosjekta sine inn i to typar: korridor- og bypilotar. Borealis-prosjektet langs E8 (som me har skrive om tidlegare) er eit døme på ein korridorpilot, kor eit vegstrekk blir brukt til å teste ut teknologi. Bypilotar, som til dømes trafikkstyring gjennom skyen, byr på andre, meir samansette utfordringar: ein må gjerne inn i meir komplekse eigarforhold, fleire samhandlande system, ulike typar transport, etc. Likevel: når alt kjem til alt består det norske vegsystemet av både korridorar og byar, altså er ein avhengig av system som kan kommunisere. I tillegg er vegsystemet transnasjonalt, noko som kompliserer saken ytterlegare. Vegvesenet meiner at ein bør kunne køyre gjennom Europa utan å måtte førehalde seg til eit utal ulike system, og uttrykte eit ønskje om ein liknande «look and feel» i systema. Samstundes har det vist seg å vere vanskeleg å få ulike land til å harmonisere ulike nasjonale system frivillig. Med utgangspunkt i ønsket om like system i heile Europa blir behovet for standardisering openbart, og i høve C-ITS er Vegvesenet med på å utarbeide reguleringar med utgangspunkt i retningslinjene som fins i EUs ITS-direktiv.

Vegvesenet – ein bevisst aktør

Sjølv om Vegvesenet er tydelege på at nye transportteknologiar kan hjelpe med å oppnå deira hovudmålsetjingar, så viste denne konferansen at ei stadig auke i digitalisering og automatisering også medfører nye problematikkar som Vegvesenet må halde tritt med. Ein høyrer ofte påstanden om at teknologien spring frå regelverket, men i løpet av dagen vart denne påstanden utfordra: Anders Hovdum spurte om det heller kan vere slik at forretningsmodellane spring frå regelverket? Ein har til dømes sett at Uber har vore kjelde til juridisk hovudbry i fleire land, mellom anna Norge. Påstanden om at det kan vere forretningsmodellane og ikkje teknologiane i seg sjølv som spring frå oss er eit interessant perspektiv eg gjerne skulle sett utdjupa, då det representerer ein sunn skepsis til historia om ei stadig akselererande teknologiutvikling. Ved konferansens slutt var det tydeleg at Vegvesenet aktivt føreheld seg til teknologiutviklinga, akselererande eller ikkje, og ser utviklinga av C-ITS som eit verktøy for å nå sine målsetjingar. Samstundes var det tydeleg at Vegvesenet er merksame på utfordringane knytt til C-ITS – utanfor hypen om sjølvkøyrande bilar og mobilitet føregår det diskursar kring (mellom anna) personvern, systemsikkerheit og kompabilitet. Gjennom ITS Arena viste Vegvesenet at dei arbeider med både moglegheitene og utfordringane knytt til C-ITS.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s