Ny publikasjon — Promise of the obsolete!

Den fyrste akademiske publikasjonen frå DRIVERS er no ute! I “Promise of the obsolete: Expectations for and experiences with self-driving vehicles in Norway” analyserer Bård Torvetjønn Haugland og Tomas Moe Skjølsvold høyringsuttalingane som vart sendt inn i forbindelse med utviklinga av Lov om utprøving av selvkjørende kjøretøy (2017), for å forstå kva forventningar som er knytt til slike køyretøy. Vidare ser dei nærmare på erfaringane frå det fyrste pilot-prosjektet som vart gjennomført under denne nye lova: korleis førebudde og gjennomførte ein testing av ein sjølvkøyrande buss på offentleg veg, korleis reagerte andre trafikantar på å møte eit slik køyretøy og kva strategiar nytta dei involverte aktørane for å underbyggje ei framtid der sjølvkøyrande bussar inngår som del av kollektivtilbodet? Artikkelen er opent tilgjengeleg i det seinaste nummeret av Sustainability: Science, Practice & Policy. Skulle ein ønskje ei meir populærvitskapeleg framstilling av artikkelen går det også an å lese Bård sitt bidrag i tidsskriftet Røyst, “Førarlaus transportinnovasjon”.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s